Hopp til innhald

Grevskap i Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er tradisjonelt 32 grevskap i Irland. 26 av desse ligg i Republikken Irland, medan dei resterande seks ligg i Nord-Irland. Grevskapa vart oppretta på 1800-talet for å utbetre ordninga for lokalstyre innanfor dei fire eldgamle provinsane. Dei er basert på distrikt som tildels vart definert alt i normannisk tid.

Sjølv om enkelte av grevskapa i nyare tid har vorte endra, og dei seks i Nord-Irland ikkje lenger er administrative einingar, vert dei framleis nytta ved fleire høve, som til dømes organiseringa av idrett.

Kart over grevskap i Irland Republikken Irland
  1. Dublin
  2. Wicklow
  3. Wexford
  4. Carlow
  5. Kildare
  6. Meath
  7. Louth
  8. Monaghan
  9. Cavan
  10. Longford
  11. Westmeath
  12. Offaly
  13. Laois
  14. Kilkenny
  15. Waterford
  16. Cork
  1. Kerry
  2. Limerick
  3. Tipperary
  4. Clare
  5. Galway
  6. Mayo
  7. Roscommon
  8. Sligo
  9. Leitrim
  10. Donegal

Nord-Irland

  1. Fermanagh
  2. Tyrone
  3. Londonderry1
  4. Antrim
  5. Down
  6. Armagh

Seks av dei 26 grevskapa i Republikken har meir enn eitt administrativt distrikt, slik at det er total 34 einingar på grevskapsnivå. Tipperary vart delt i nord og sør alt i 1898, då grevskapa formelt vart administrative einingar. Dublin vart delt i fire (Dun laoghaire-Rathdown, Fingal, South Dublin og City of Dublin) i 1992. I tillegg utgjer byane Cork, Galway, Limerick og Waterford eigne distrikt.

I Nord-Irland vart det i 1973 gjennomført ei omfattande reform. Dei åtte einingane, seks grevskap og dei to bydistrikta Belfast og Derry, vart erstatta av 26 distrikt. Fleire av desse kryssar dei tradisjonelle grevskapsgrensene. Dei åtte eldre eininga er bevart som statthalderskap.

Alfabetisk liste

[endre | endre wikiteksten]
Grevskap Irsk namn Tidlegare namn Provins Stat Adminstrativ inndeling
Antrim Aontroim
(Contae Aontroma)
Ulster Nord-Irland
Armagh Ard Mhacha
(Contae Ard Mhacha)
Ulster Nord-Irland
Carlow Ceatharlach
(Contae Cheatharlach)
Caterlaugh Leinster Republikken Irland
Cavan An Cabhán
(Contae an Chabháin)
Ulster Republikken Irland
Clare An Clár
(Contae an Chláir)
Thomond Munster Republikken Irland
Cork Corcaigh
(Contae Chorcaí)
(sjå Desmond) Munster Republikken Irland City of Cork
Donegal Dún na nGall
(Contae Dhún na nGall)
Tyrconnel, Tirconaill[1] Ulster Republikken Irland
Down An Dún
(Contae an Dúin)
Ulster Nord-Irland
Dun Laoghaire-Rathdown,
County Fingal,
South Dublin
Áth Cliath
(Contae Átha Cliath)
Dublin Leinster Republikken Irland City of Dublin,
Fermanagh Fear Manach
(Contae Fhear Manach)
Ulster Nord-Irland
Galway Gaillimh
(Contae na Gaillimhe)
Connacht Republikken Irland City of Galway
Kerry Ciarraí
(Contae Chiarraí)
(sjå Desmond) Munster Republikken Irland
Kildare Cill Dara
(Contae Chill Dara)
Leinster Republikken Irland
Kilkenny Cill Chainnigh
(Contae Chill Chainnigh)
Leinster Republikken Irland
Laois Laois
(Contae Laoise)
Queen's County, Leix, Laoighis Leinster Republikken Irland
Leitrim Liatroim
(Contae Liatroma)
Connacht Republikken Irland
Limerick Luimneach
(Contae Luimnigh)
Munster Republikken Irland City of Limerick
Londonderry Doire
(Contae Dhoire)
(sjå Coleraine) Ulster Nord-Irland
Longford An Longfort
(Contae an Longfoirt)
Leinster Republikken Irland
Louth
(Contae Lú)
Leinster Republikken Irland
Mayo Maigh Eo
(Contae Mhaigh Eo)
Connacht Republikken Irland
Meath An Mhí
(Contae na Mí)
Leinster Republikken Irland
Monaghan Muineachán
(Contae Mhuineacháin)
Ulster Republikken Irland
Offaly Uíbh Fhailí
(Contae Uíbh Fhailí)
King's County Leinster Republikken Irland
Roscommon Ros Comáin
(Contae Ros Comáin)
Connacht Republikken Irland
Sligo Sligeach
(Contae Shligigh)
Connacht Republikken Irland
North Tipperary,
South Tipperary
Tiobraid Árann
(Contae Thiobraid Árann)
Tipperary Munster Republikken Irland
Tyrone Tír Eoghain
(Contae Thír Eoghain)
Ulster Nord-Irland
Waterford Port Láirge
(Contae Phort Láirge)
Munster Republikken Irland City of Waterford
Westmeath An Iarmhí
(Contae na hIarmhí)
Leinster Republikken Irland
Wexford Loch Garman
(Contae Loch Garman)
Leinster Republikken Irland
Wicklow Cill Mhantáin
(Contae Chill Mhantáin)
Leinster Republikken Irland
  1. Offisielt kalla County Tirconaill frå 1922 til 1929 [1] Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.